Feedback

Tilbakemelding til universitetsutdanning.no


Kommentar Sett karakter
Email

Innhold

Design

Brukervennlighet

Helhetsinntrykk

Animasjon - Bachelor

Sammendrag
Varighet:
3 år
Oppstart:
August/september
Studielån/Stipend:
Ja
Heltid/Deltid:
Heltid
Søknadsfrist:
15.april
Utdanningsinstitutt:
Høgskulen i Volda plusHøgskulen i Volda
Studiesteder:
Type utdanning:

 Animasjon - Bachelor

Animasjon - Bachelor

Bachelor i animasjonEr du kreativ og har interesse for formgiving og visuelle medium, eller kunne du tenkje deg å jobbe med animasjonsfilmar? Animasjonsutdanninga i Volda er kjend langt utanfor landegrensene, og studentar haustar årleg prisar i internasjonale filmfestivalar. Mange av dei store norske animasjonssuksessane både i film- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Høgskulen i Volda.

Den norske animasjonsbransjen er i sterk vekst og rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Animerte TV-seriar og animerte langfilmar for kinodistribusjon er viktige arbeidsområde for animatørar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i fjernsyn er i dag svært vanleg, og i tillegg treng digitale medium (CD-rom, Internett, dataspel m.m.) animatørar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk (t.d. animert kortfilm) og bruk av animerte teknikkar i nyheiter, informasjon, reklame og underhaldning. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.

Utdanningens mål

Bachelorgraden i animasjon er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. Teorien omfattar innføring i ulike medievitskaplege og animasjonsteoretiske emne, og design- og produksjonsteori. Innhaldet i dei praktiske emna er mellom anna innføring i teiknefilm, tradisjonell cutout, stop-motion (dokkefilm), grafisk design, bruk av Adobe Flash, digital cutout/motion design ved hjelp av program som After Effects, og bruk av Photoshop og 3D-software som Maya.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse og i tillegg arbeidsprøver (portefolie) der søkjarane må dokumentere evne i mellom anna frihandsteikning. Høgskulen vil orientere søkjarane om krava til arbeidsprøver i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein eigen fagkomité, som kan innkalle aktuelle søkjarar til opptaksintervju og -oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng

Studiepoeng (ECTS)

180

Utdanningens struktur

Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium med få valfrie emne. Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Dei praktiske øvingane og undervisninga som er knytt til dei, er obligatorisk. Teoriundervisninga føregår i hovudsak som gruppeførelesingar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa skjer. I samband med dei praktiske oppgåvene vert det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging i alle ledd i produksjonen. All praktisk undervisning er obligatorisk dersom studentane ikkje kan dokumentere tilsvarande kunnskap. Studentane vert oppfordra til å arbeide delar av fjerde eller femte semesteret i eit profesjonelt animasjonsstudio.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelor og lavere

 Høgskulen i Volda

Velkommen til Høgskulen i Volda

Til Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!

Kvifor velje Volda

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? 

Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. 

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 

Høgskulen i VoldaGi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


plus Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Bosted

Volda

Du kan leige bustad gjennom Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS). Du finn meir informasjon om dei ulike studentbustadane på boligtorget.no/sfs.

Jeg vil vite mer!

Når du gjør en henvendelse til skolen hos universitetsutdanning.no sendes din kontaktinformasjon videre til skolen/utdanningsinstitusjonen. De tar selv kontakt med deg og gir deg informasjon via email, telefon eller post.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Høgskulen i Volda:
* =  Obligatorisk felt
Type henvendelse* 
Email*
Fornavn*
Etternavn*
Adresse
Postnummer
Sted*
Alder
Kjønn
Telefon / Mobil
Fritekst
Motta nyhetsbrev om utdanning
Til informasjon

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
Fax: 70 07 50 51
www.hivolda.no

Mer informasjon
Vil du vite mer?
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Animasjon - Bachelor:

 
»Til informasjon
Visa Föregående Visa Nästa
Skriv en Omtale
Har du studert » Animasjon - Bachelor på/med » Høgskulen i Volda? Gi karakterer fra 1 til 5, der 1 er dårlig og 5 er veldig bra.
Lærere/ Undervisning
Stemning/ Venner
Lokaler
Mulighet til jobb etter utdanningen

Anbefaler du skolen:


Tips en venn

Tips en venn om utdannelsen Animasjon - Bachelor på Høgskulen i Volda.

Til:  
Fra:  

Nyhetsbrev
Abonner på universitetsutdanning.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer