|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Dei første åra i livet er svært viktige for barn. Dei lærer fort og mykje – som ein liten revolusjon kvar dag. Som førskulelærar kan du vere med på å påverke og ta vare på den eigenarten barnehagen har, som arena for leik, omsorg og positiv læring i det daglege. Dyktige og engasjerte førskulelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet og er den viktigaste faktoren for å skape eit godt barnehagetilbod.
Det er stort behov for kvalifiserte førskulelærarar i dagens samfunn. Utdanninga kvalifiserer deg til arbeid som pedagogsk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 stp. vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 stp. spesialpedagogikk (kvalifiserer til spesialpedagogisk arbeid) er førskulelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen. Du er også kvalifisert for opptak på masterstudiet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterutdanningar.
Førskulelærarutdanninga har som si primæroppgåve å skape forståing og innsikt hos studenten i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn i barnehagen. Studiet byggjer på forskingsbasert kunnskap og er yrkesretta og praksisnært. Det tek utgangspunkt i førskulelæraren sine arbeidsområde, og i gjeldande planar og lovverk. Gjennom studiet skal du opparbeide deg kunnskap om teoriar og arbeidsformer på tvers av fag og kva samfunnet og kulturen har å seie for barns oppvekst og utvikling. Du skal utvikle evne til å planleggje og vurdere førebyggjande tiltak og gi tilpassa opplæring for barn med og utan særskilde behov. I tillegg skal du utvikle sosial kompetanse: Forståing for og evne til nært samarbeid mellom barnehage, heim og andre samarbeidspartar.
Generell studiekompetanse
180
Utdanninga er organisert med vekt på studentaktive læringsformer og læring i eit sosialt samspel. Undervisninga går føre seg i plenum og i seminar- og basisgrupper. Utdanninga omfattar ein obligatorisk del på 150 studiepoeng med stor fagleg breidd og ein valfri del på 30 studiepoeng. Den obligatoriske delen omfattar faga pedagogikk (45 stp.), norsk, naturfag, matematikk, musikk, fysisk fostring, forming, drama, RLE og samfunnsfag (til saman 105 stp.). Den valfrie delen er ei fordjuping i eit fag eller fagområde som har relevans for arbeidet i barnehagen, og kan vere ei påbygging av eitt eller fleire fag i utdanninga. Avhengig av kva fordjuping som vert vald, får studenten ved avslutta studium anten særskild organisasjons- og leiingskompetanse, fysisk fostring og naturfagleg kompetanse, eller kompetanse i forming, drama og musikk. Studieåret kan studentane velje ”utefag” og ”organisasjon og leiing”.
Nokre fag legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen, og studentane må difor rekne med kostnader til slike føremål. Praksis er ein integrert del av alle fag og all fagdidaktikk, slik at kunnskap vert utvikla gjennom praksis og fagstudium. Praksisopplæringa har eit samla omfang på 20 veker.
Bachelor og lavere

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Førskulelærarutdanning - Bachelor: