Bachelorprogram i filosofi
Studiet i filosofi inneber arbeid med filosofiske problem både frå fortid og samtid. Såleis er fagleg tradisjonsformidling ein vesentleg del av arbeidet med filosofiske problem. I filosofistudiet forheld ein seg til den vestlege tanketradisjonen, slik den byrjar med filosofisk arbeid i det antikke Hellas. Grunnleggande problemområde er metafysikk og ontologi, erkjenningsteori, praktisk filosofi, filosofihistorie, vitskapsteori, der tilnærminga er både diakron og synkron. Arbeid med tekstar og problemstillingar frå antikken og renessansen er like fagleg relevant som arbeid med samtidstekstar og problemstillingar. Eit av hovudføremåla er å utvikle evna hos studentane til kritisk og sjølvkritisk saumfaring av "opplesne og vedtatte" sanningar.
Oppbygging av studiet
Bachelorstudiet i filosofi skal ha minimum 90 studiepoeng filosofiemne ut over førstesemesterstudiet, dvs. examen philosophicum, examen facultatum og eit introduksjonsemne. Dei resterande 60 studiepoenga er støtteemne frå andre fag. Av dei 90 studiepoenga i filosofi er det ein obligatorisk del på 50 poeng, som utgjer basisemna i studiet: filosofihistorie I og II, praktisk filosofi, vitskapsfilosofi og logikk. I tillegg inngår ei fordjuping på minimum 40 valfrie studiepoeng, alt etter kva for område innafor filosofien ein ønskjer å spesialisere seg i. Av desse valfrie emna må ein velje minimum to emne blant FIL-2020-emna.
Til dei resterande 60 studiepoenga som inngår i studiet, er det ikkje spesifikke krav, men det er ein fordel om dei naturleg støttar opp under den retninga ein har valt i bachelorstudiet.
Yrkesmuligheter
Bachelorstudiet i filosofi er eit allmenndannande studium som kvalifiserer for arbeidsoppgåver som set krav til refleksjon og analytisk tenking, arbeid med å formulere føresetnader og trekke konsekvensar, sjå problem og moglege løysingar, evne til å orientere seg kritisk og sjølvstendig, og som inneber skriftleg framstilling av kompliserte årsaks- og verknadssamanhengar. Filosofiens undring og kritiske blikk på mennesket, samfunnet og verda i ein kulturhistorisk samanheng gjer ein eigna for arbeid innafor kultur og samfunnsliv.