Idrett og friluftsliv - Bachelor
Er du eit friluftsmenneske og likar spennande utfordringar? Bachelorgrad i idrett og friluftsliv gir deg lærerike utfordringar og spennande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du vil ha tilgang til gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. Med høgt aktivitetsnivå og sunnmørsnaturen som klasserom vert studiekvardagen uvanleg inspirerande.
Studiet kvalifiserer deg for arbeid i frivillig, organisert og uorganisert idrett / kroppsøving / friluftsliv. Aktuelle arbeidsstader vil vere offentlege og private tiltak innanfor fritidssektoren, vaksenopplæring, reiseliv/turisme, kultur- og miljøforvaltning og Forsvaret. Studiet vil også gi eit godt grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid, arbeid med barn og unge med sosiale vanskar, og rehabilitering. For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket må ein byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Utdanningens mål
Studiet skal gi studentane ei personlege utvikling både teoretisk og praktisk. Du skal tileigne deg kunnskap, haldningar og dugleik i idrett og friluftsliv. Innhaldet er sikta mot utøving av rettleiing og fagleg verksemd både i skuleverket, frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena. Det vert lagt vekt på å utvikle solid fagleg kompetanse i idrett og friluftsliv. Det vert også lagt vekt på å utvikle ein profesjonsorientert, didaktisk og sosial kompetanse for å kunne utøve faget praktisk og teoretisk. Idrettsemna er samansette av eit stort utval praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisnings-/instruksjonspraksis. I friluftslivsemna vil teori og praksis følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider.