Ingeniør elektro - Bachelor
Teknisk interessert? Då er du ettertrakta. Det er for få ingeniørar. Næringslivet i fylket tilbyr både trainee-stillingar, praksis og kunnskap.
Du som er interessert i elektronikk og data får spesialisere deg i automatisering. Dette er eit praktisk fag, der arbeid på laboratorium er sentralt. Du får prøve deg med moderne utstyr, og møter tilsette og næringsliv som er sterkt opptekne av utdanninga di.
Dette lærer du
-Automatiseringsteknikk plasserer deg midt i skjeringspunktet mellom data og elektro
-Du får kompetanse i elektronikk, data, styrings- og reguleringsteknikk, instrumentering og måleteknikk
-Data er sentralt både som hjelpemiddel i dei fleste fag, og som eigne emne i form av programmering, regulering, datainnsamling og datalagring
Oppbygging av studiet
-Det er lagt opp til mykje laboratorie- og prosjektarbeid
-Du kan bygge nettverk til framtidige arbeidsplassar gjennom gjesteforelesingar, bedriftsbesøk og prosjektoppgåver
-Det siste året gjennomfører du eit større hovudprosjekt i samarbeid med bedrifter og verksemder i fylket
-Siste året kan du også ha praksis i ei av skolens ti samarbeidsbedrifter
-Det er også høve til å ta delar av studiet i utlandet. Vårsemesteret i 2. klasse høver best til utanlandsopphald
-HSF samarbeider med Høgskolen i Bergen. Det er råd å ta første året i Førde, og så gå vidare på elkraft, elektronikk eller kommunikasjonsteknologi i Bergen
Etterpå...
-Studiet er ei sjølvstendig yrkesutdanning som elektroingeniør og kvalifiserer samstundes for vidare studium i inn- og utland
-Du kan etter fullført utdanning søkje om trainee-stilling hos ei av våre samarbeidsbedrifter, sjå www.bedriftsnettverket.no og om Trainee-programmet i Sogn og Fjordane
-Automatiseringsteknikk er ei allsidig studieretning. Du kan arbeide innan prosess- og oljeindustrien, ulike typar produksjonsverksemder, energiforsyning og konsulentverksemder
-Studiet inneheld mykje data, og mange automasjonsingeniørar jobbar innan data og telekommunikasjon
-Første året av ingeniørutdanninga er skulerelevante fag og kan gå inn i den valfrie delen av den fireårige allmennlærarutdanninga
Visste du at...
-HSF si ingeniørutdanning inneheld mykje prosjektarbeid i tett samarbeid med næringslivet?
-Ingeniørstudentane ved HSF får tett oppfølging og rettleiing i studiekvardagen?
-Ingeniørar er ettertrakta på arbeidsmarknaden?
-Du får relevant praksis i bedrift?