|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Mastergraden i kulturmøte er eit tverrfagleg studium av kulturar og møte mellom kulturar sett i eit historisk perspektiv. Nye flyttemønster og nye kommunikasjons- og informasjonsteknologiar krympar avstandar og fører kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte i eit historisk perspektiv, men òg i eit samtidsperspektiv – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Fullført mastergrad vil gi deg ein brei kompetanse med relevans for ulike yrkesvegar: internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, i forskings- og utgreiingsarbeid (FOU), i skuleverket, i medie- og informasjonsverksemd, i offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren og kultursektoren elles. Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.
Du skal gjennom studiet opparbeide kompetanse til å forstå kulturmøte som historiske fenomen og kunne analysere kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt i eit historisk perspektiv. Målet er også å gi deg teoretisk og realhistorisk innsikt. Slik kulturkunnskap er nyttig og etterspurd i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta truleg er meir omfattande og intense enn tidlegare.
Bachelorgrad med fordjuping i historie, samfunnsfag eller religion. Andre utdanningsløp innanfor humaniora eller samfunnsvitskap vert vurderte etter søknad. Ved rangering av søkjarane vert karaktersnittet i fordjupingsfaget lagt til grunn. Eit minimumskrav for opptak er karakteren C (2,8) i fordjupingsfaget (historie, religionsvitskap el.a.).
120
Mastergradsstudiet består av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Av dei fire emna er to obligatoriske, medan to er valfrie.
Obligatoriske emne:
· Nasjon, kultur og religion, 15 stp.
· Vitskapsteori og metode med prosjektomtale, 15 stp.
Dei tre valfrie emna er:
· Vest-Noreg og Nordsjø-regionen, 15 stp.
· Brennpunkt Midtausten, 15 stp.
· Al-Andalus, 15 stp.
Nasjon, kultur og religion og metodeemnet skal danne det faglege utgangspunktet for arbeidet med dei andre emna og mastergradsoppgåva. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.
Studiet kan gjennomførast på heiltid (to år) eller deltid (tre eller fire år). Når det gjeld den teoretiske delen, dvs. dei to obligatoriske emna og dei to valfrie emna, vert det gitt intensivundervisning i to veker i haustsemesteret (obligatoriske emne) og to veker i vårsemesteret (valfrie emne). Oppgåvedelen av studiet gjennomfører kandidaten i samråd med rettleiaren.
Master og høyere

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Kulturmøte - Master: