Feedback

Tilbakemelding til universitetsutdanning.no


Kommentar Sett karakter
Email

Innhold

Design

Brukervennlighet

Helhetsinntrykk

Kunst og handverk - Årsstudium

Sammendrag
Varighet:
1 år
Utdanningen holdes på:
Norsk
Oppstart:
August/september
Studielån/Stipend:
Ja
Heltid/Deltid:
Heltid
Søknadsfrist:
15.april
Utdanningsinstitutt:
Høgskulen i Volda plusHøgskulen i Volda
Studiesteder:
Type utdanning:

 Kunst og handverk - Årsstudium

Kunst og handverk - Årsstudium

Årsstudium i Kunst og handverkSamfunn i utvikling treng menneske med estetisk kompetanse og evne til nyskaping. Kunnskap om kunst- og formkultur og formidling av denne kunnskapen er viktig når ein skal utvikle identitet og forstå seg sjølv og andre.

Studiet kan inngå i og er identisk med første året i bachelorstudiet i Kunst og handverk eller kan danne grunnlag for opptak til Kunst og handverk fordjupingsstudium.

Det kan også inngå som fagval i grunnskulelærarutdanninga eller i ein fagkrins med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Du vil då vere kvalifisert for å undervise i faget i grunnskulen, den vidaregåande skulen eller kulturskulen. Faget kan også saman med anna utdanning vere nyttig i anna formidlingsarbeid, til dømes i museum/galleri og kulturarbeid.

Utdanningens mål

Som student ved Kunst og handverk årsstudium skal du gjennom praktisk arbeid med oppgåver utvikle eiga form- og uttrykksevne. Du skal tileigne deg fagleg og didaktisk kompetanse for å planleggje og gjennomføre ulike former for undervisnings- og formidlingsoppgåver i skulesektoren, eller for å arbeide på område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. Gjennom året skal du utforme utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse

Studiepoeng (ECTS)

60

Utdanningens struktur

Kunst og handverk årsstudium er organisert i fire emne:

Visuell kommunikasjon, 15 stp.
Kunst, 15 stp.
Arkitektur, 15 stp.
Funksjonell design, 15 stp.

Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid i materiala. Vi legg særleg vekt på ein kreativ og reflekterande arbeidsmåte og brukar arbeidsbok som metode i dei fleste emna. Dette er eit hjelpemiddel med det føremål å gi studenten eit tydelegare bilete av si eiga utvikling. Metoden byggjer på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og ut frå det formulerer nye mål innanfor det aktuelle feltet. Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar, og i tillegg fagdidaktisk og teoretisk refleksjon knytt til eige skapande arbeid. Utstillingar vert brukte aktivt som ledd i å styrkje den kulturelle referanseramma som er ein del av studiet. Ekskursjon til ein sentral kunstinstitusjon inngår i studiet.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium

 Høgskulen i Volda

Velkommen til Høgskulen i Volda

Til Volda - og vidare

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?

I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!

Kvifor velje Volda

Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda? 

Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir. 

Ut i verda?

Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen. 

Høgskulen i VoldaGi litt av deg sjølv - få masse tilbake!

Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.


plus Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Bosted

Volda

Du kan leige bustad gjennom Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS). Du finn meir informasjon om dei ulike studentbustadane på boligtorget.no/sfs.

Jeg vil vite mer!

Når du gjør en henvendelse til skolen hos universitetsutdanning.no sendes din kontaktinformasjon videre til skolen/utdanningsinstitusjonen. De tar selv kontakt med deg og gir deg informasjon via email, telefon eller post.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Høgskulen i Volda:
* =  Obligatorisk felt
Type henvendelse* 
Email*
Fornavn*
Etternavn*
Adresse
Postnummer
Sted*
Alder
Kjønn
Telefon / Mobil
Fritekst
Motta nyhetsbrev om utdanning
Til informasjon

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
Fax: 70 07 50 51
www.hivolda.no

Mer informasjon
Vil du vite mer?
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Kunst og handverk - Årsstudium:

 
»Til informasjon
Visa Föregående Visa Nästa
Skriv en Omtale
Har du studert » Kunst og handverk - Årsstudium på/med » Høgskulen i Volda? Gi karakterer fra 1 til 5, der 1 er dårlig og 5 er veldig bra.
Lærere/ Undervisning
Stemning/ Venner
Lokaler
Mulighet til jobb etter utdanningen

Anbefaler du skolen:


Tips en venn

Tips en venn om utdannelsen Kunst og handverk - Årsstudium på Høgskulen i Volda.

Til:  
Fra:  

Nyhetsbrev
Abonner på universitetsutdanning.no nyhetsbrev om studier! Les mer Les mer