|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Er du interessert i å studere aktuelle fenomen som Facebook, YouTube eller Google? Kunne du tenkje deg å arbeide med både formidlingsmessige, tekniske og estetiske sider ved bruk av web, reklame, foto, film, lyd eller multimedia? Bachelorgrad i Media, IKT og design (MID) kvalifiserer deg til variert arbeid i mediebransjen eller kan gi undervisningskompetanse i den vidaregåande skulen.
Ut frå spesialisering vert du kvalifisert til medie- og informasjonsteknisk arbeid i næringsliv, skule eller til vidare mastergradsstudium. For undervisning i skuleverket er det eit tilleggskrav om eit års praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet gir ingen formell kompetanse i grafisk design, men vil styrkje realkompetansen på dette fagfeltet.
Studiet har ei unik fagleg samansetjing av både mediekommunikasjon, medieproduksjon og mediedesign. Det har ei fordjuping i digitale medium med vekt på både teoretisk og praktisk tilnærming til design og produksjon. I studiet lærer du både om korleis media fungerer som samfunnsaktør og formidlar, og korleis du kan kommunisere med ulike målgrupper. Gjennom teori om og produksjonar av ulike medieuttrykk som foto, film, reklame, illustrasjon, lyd, animasjon, web og multimedia gir studiet deg pedagogisk, estetisk og teknisk kompetanse innanfor digital medieproduksjon.
Generell studiekompetanse
180
Utdanninga er sett saman av praktiske og teoretiske emne som er knytte til mediekommunikasjon, medieproduksjon og mediedesign. Som del av studiet inngår både praksisopphald, større prosjektarbeid og produksjonar for ulike oppdragsgivarar.
Det første året tek for seg grunnleggjande emne innanfor mediekommunikasjon, mediekultur og mediekompetanse. Ein kombinerer teoretisk innsikt i vitskapsteori og analyse med praksisopphald og praktisk arbeid i medieproduksjon innanfor foto, film, mediedesign, web, lyd og avis, slik at studenten får både praktiske ferdigheiter i bruk av ulike medium og innsikt i korleis dei kan brukast i ein formidlingssituasjon anten gjennom media eller i direkte møte med ulike målgrupper.
Det andre året legg vekt på å vidareutvikle kunnskap om etiske, estetiske og tekniske sider ved bruk og kombinasjon av digitale medium med utgangspunkt i fleirkamera- og multimedieproduksjon. Studentane vel her retning på studiet, mellom tilbod i visuell kommunikasjon og mediedesign, foto og illustrasjon, vevdesign og programmering, mediekommunikasjon og analyse. Ein vil også kunne velje inn andre medierelaterte emne.
I det tredje året skal studentane spesialisere seg vidare innanfor eitt av fagfelta mediekommunikasjon, medieproduksjon og mediedesign. Utanlandsstudium inngår også som eit val hausten tredje året. Undervisninga vekslar mellom førelesingar i storgrupper, sjølvstudium, prosjektarbeid, produksjonar og problemorienterte og studentaktive undervisningsformer. I tillegg kjem fleire skriftlege og praktiske oppgåver, praktiske kurs og praksis i ulike institusjonar.
I vårsemesteret tredje året får studentane tilbod om ekstern praksis i form av praksisopphald eller produksjonar for eksterne oppdragsgivarar avhengig av kva studieretning ein vel.
Bachelor og lavere

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Media, IKT og design - Bachelor: