|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Studiet gir deg som ønskjer å studere i Noreg, tilstrekkeleg kunnskap og dugleik til å studere vidare ved norske høgskular og universitet. Studiet gir 60 studiepoeng i eit samla høgskule- eller universitetsstudium.
Studiet er ikkje ei yrkesutdanning, men det skal gi deg tilstrekkeleg kunnskap og dugleik til å kunne studere ved norske høgskular og universitet.
Studiet legg vekt på å gi deg gode allmennkunnskapar i norsk språk, samstundes som du får kunnskapar om det norske samfunnet. Du skal gjennom studiet bli skikka til å vere student i Noreg. Då må du kunne lese og forstå tekstar frå vår tid i ulike sjangrar og kunne forstå førelesingane på norsk og ta førelesingsnotat. Du skal også kunne uttale norsk rimeleg korrekt og skal kunne samtale om daglegdagse emne. Å uttrykkje seg skriftleg på norsk med tilfredsstillande morfologi, syntaks og vokabular er også eit mål.
Undervisning i samfunnskunnskap skal gi deg den allmenne orienteringa du treng for å ta fagstudium seinare. Du skal også få kunnskap om korleis det norske samfunnet er bygd opp, og korleis nordmenn lever.
Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava som gjeld ved opptak til universitet og høgskular i Noreg. For somme land inneber dette vidaregåande skule og 1-2 års universitetsutdanning. Det blir ikkje kravd TOEFL-test i engelsk, men søkjaren må kunne dokumentere engelskkunnskapar på minst same nivå.
60
Dette studiet er eit undervisningsintensivt heiltidsstudium over to semester. Det er krav om obligatorisk frammøte. Studiet er samla om to fagområde: norsk språk og norsk samfunnskunnskap. Under studiet skal desse fagområda mest mogleg sjåast i samanheng.
I første delen av kurset vert hovudvekta lagd på fonetikk og grammatikk. Du får øving i å forstå talt norsk og lese lettare tekstar. Seinare vert det lagt meir vekt på ordkunnskap og på skriftleg bruk av språket. Hovudvekta vert lagd på norsk språk, særleg praktisk språkdugleik. Arbeidsmåtane varierer mellom førelesingar, gruppearbeid, øvingar på språklaboratorium og skriftlege oppgåver.
Årsstudium

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar (NUS) - Årsstudium: