|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Både kulturen vi lever i og identiteten til den einskilde vert forma gjennom språk. Kunnskap om språk og tekstar gir oss innsikt i kulturen og oss sjølve, og gjer det lettare å vere aktive deltakarar i samfunnet. Ved Høgskulen i Volda finn du den einaste mastergraden i Noreg i nynorsk skriftkultur. I studieprogrammet undersøkjer vi skriftkulturen allment, samtidig som vi set fokus på den nynorske skriftkulturen, og korleis denne har utvikla seg over tid.
Studiet gir deg brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer deg for undervisning i skuleverket, for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget og NRK kan vere aktuelle arbeidsgivarar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.
Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studentane får eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Vi bruker ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk.
Som hovudregel gir oppnådd cand. mag. / bachelorgrad grunnlag for opptak til mastergradsstudiet. Søkjarane må dokumentera avslutta mellomfagseksamen / 90 studiepoeng i eitt av følgjande fag eller tilgrensande fagområde: etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi eller statsvitskap.
120
Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar pr. semester. Studiet er lagt opp med tanke på at studentane skal kunne konsentrere seg om masteroppgåva. Dette vil dei kunne gjere ved Ivar Aasen-instituttet. Det kan likevel vere ønskjeleg å opphalde seg ein periode ved ein annan institusjon for å få eit anna perspektiv på studiet.
Innføringsemna:
A: Nynorsk skriftkultur
B: Vitskapsteori og metode
Valemna:
Vi tilbyr seks valemne. Kvar student skal velje to valemne, kvart på 15 studiepoeng. Det vil bli undervist i emnet Nynorsk skriftmål – om norm og bruk annakvart år. Dei andre valemna vil veksle frå år til år, slik at vi underviser i to av dei om gongen:
· Målreising og språkplanlegging i komparativt perspektiv
· Den nynorske teksten – om sjanger, institusjon og norm
· Kollektive identitetar – om overnasjonale, nasjonale, regionale og lokale identitetsdanningar
· Talemålsendring og skriftspråksstandardisering
· Nynorsk skriftmål – om norm og bruk
· Nynorsk filosofisk skriftkultur
Master og høyere

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Nynorsk skriftkultur - Master: