PR, kommunikasjon og media - Bachelor
For dei fleste organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere både kven ein er og kva ein driv med på ein presis og god måte. Korleis ein organisasjon kommuniserer internt og med omverda, har innverknad på omdøme, effektivitet og økonomi. Bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media kvalifiserer deg til å planleggje og gjennomføre kommunikasjonstiltak i offentleg eller privat sektor, eller i organisasjonar. Behovet for folk med kunnskap om kommunikasjon er stort på mange samfunnsområde, og dette studieprogrammet gir deg difor ein etterspurd kompetanse.
Informasjons- og kommunikasjonsbransjen er i vekst, og utsiktene til arbeid er mange og varierte. Bachelorgraden i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda har lange tradisjonar og eit godt utbygd nettverk til sentrale yrkesmiljø. Gjennom utplassering i arbeidslivet i siste semesteret får kvar einskild student direkte kontakt med desse yrkesmiljøa, noko som er svært nyttig ved seinare jobbsøking. Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar innanfor fagfeltet i Noreg og i utlandet.
Utdanningens mål
Dei sentrale faga i bachelorgraden er informasjon og samfunnskontakt (public relation), journalistikk og medievitskap. Det er også eit viktig mål å gi studentane eit bevisst forhold til tale-, bilet- og skriftspråk. Du får innføring i krisekommunikasjon, framførings- og presentasjonsteknikk, etikk, organisasjonsteori, språkbruk i formidling, organisering av prosjekt og ulike former for tekstproduksjon og kommunikasjon – både på papir og nett. Du lærer også om massemedia og korleis publikum tolkar, bruker og let seg påverke av massemedia, og du får nyttig innsikt i journalistisk tenkjemåte og arbeidsmetode.