|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Årsstudiet er godt eigna for studentar og yrkesgrupper som treng auka kompetanse i samfunnsvitskap.
Studiet utgjer første året av bachelorgrad i Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. Fullfører du denne graden har du eit godt grunnlag for ein yrkeskarriere innanfor ulike felt i offentleg forvaltning: som administrativ leiar, leiar av utviklingsarbeid, sakshandsamar eller planleggjar. Studieprogrammet er også godt eigna for yrkesgrupper som treng innføring i samfunnsvitskap.
Studieprogrammet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne, med teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og jus. Søkjelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling
i ein lokal og regional kontekst.
Generell studiekompetanse
60
Studieprogrammet går over to semester og inneheld to tverrfaglege emne: Samfunnskunnskap og Forvaltningskunnskap, kvar på 30 studiepoeng. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap omfattar ei grunnleggjande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Hovuddelen av arbeidet med lokalsamfunnsanalysen er lagd til siste del av vårsemesteret
Årsstudium

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Samfunnsvitskap - Årsstudium: