|
Sammendrag
![]()
![]() |
|
|||||||||||||||||
Vil du forstå meir om samanhengar mellom natur og samfunn, i fortid og notid? Kunnskap om styresett, levekår, globale spørsmål og norsk geografi og historie er sentrale tema for årsstudium i samfunnsfag. Studiet er profesjonsretta mot arbeid i skuleverket og andre formidlingssamanhengar.
Skuleretta samfunnsfag er eit fagstudium som primært er undervisningsretta. Studiet kan inngå som valfri del i ulike bachelorgradar eller som fagval i den nye grunnskulelærarutdanninga. Saman med eit anna skulefag i ein bachelorgrad vil studenten kvalifisere seg for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket (grunnskulen), m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv. Det er lagt opp til ein studietur til Aust-Afrika på om lag ein månad. For dei studentane som ikkje ønskjer eller ikkje har høve til å vere med på studieturen, er det eit alternativt opplegg.
Generell studiekompetanse
60
Følgjande emne inngår i studiet:
· Natur og samfunn i Noreg, 15 stp.
· Konfliktar i samfunnet, 15 stp.
· Politikk og demokrati: Kontinuitet og vendepunkt, 15 stp.
· Aust-Afrika, 15 stp.
Dei som tek dette studiet som del av grunnskulelærarutdanninga, skal ha undervisningspraksis i samsvar med gjeldande modell (seks veker for eit heilt studieår). Dei studentane som ikkje skal ha praksis, skal gjere anna studiearbeid med tilsvarande omfang.
Til emnet Aust-Afrika høyrer ein studietur på om lag ein månad til Kenya. For dei studentane som ikkje ønskjer eller ikkje har høve til å vere med på studieturen, er det eit alternativt opplegg.
Årsstudium

Korleis ser du føre deg ein perfekt start på studielivet? Og kva med vegen vidare?
I vakre Volda veks det i mai og juni fram nye kull med ferdigutdanna studentar, klare for eit nytt kapittel i livet. Erfaringane frå den intime og vakre studiestaden med rundt 8000 innbyggjarar følgjer med resten av livet, både fagleg og sosialt. I Volda går kultur og natur hand i hand. Frå det populære studenthuset, kafeen og konsertscena Rokken, er vegen kort til toppen av Rosethornet, eit kjent og kjært landemerke. Tek du turen opp, vil du også få oversyn over heile Volda og den vakre naturen som omgir studentbygda. Velkomen til Volda!
Eit studieopphald i Volda gir deg tverrfagleg og attraktiv fagleg kompetanse, skreddarsydd for eit breitt yrkesliv. Først sørgjer den tradisjonsrike Fadderveka og andre festivalar for at du som ny student landar trygt og får grunnlag for god fagleg utvikling i eit godt læringsmiljø. Men reisa er på langt nær over med det. For nyutdanna studentar frå Høgskulen i Volda går reisa gjerne vidare – inn i eit utfordrande arbeidsliv – og kanskje ut i verda?
Tek du høgare utdanning i Volda, er alt opp til deg sjølv. Høgskulen er kjende for yrkesutdanningar med god fagleg kvalitet, og studerer du til dømes mediefag, lærarutdanning eller sosialt arbeid i Volda, får du svært ettertrakta fagleg og sosial kompetanse på arbeidsmarknaden. Tek du eit halvår av utdanninga ved ein av dei mange samarbeidsinstitusjonar i heile verda, utvidar du i tillegg horisonten og skaffar deg ekstra tyngd og erfaring. Studietilbudet gjenspeiler kompetansebehovet både i offentlig og privat sektor, med mulighet for utdanning både på bachelor- og mastergradsnivå. Høgskulen har i tillegg mange kreative og spennende fagstudium innanfor mediedesign, drama, friluftsliv, idrett, historie, realfag, kunst, musikk, språk med meir.
Høgskulen i Volda er i tet mellom høgskulene i Noreg når det gjeld inn- og utveksling av studentar. I alle bachelor- og masterprogram legg høgskulen til rette slik at studentar kan ta minimum eit semester i utlandet, som ein integrert del av graden ved høgskulen. Ein kan i praksis reise kvar som helst i verda, men det kan vere ein fordel å reise til ein samarbeidspartnar. Per i dag har Høgskulen i Volda rundt 140 partnarar i meir enn 40 land. Høgskulen i Volda er også offensiv når det gjeld å ta imot studentar frå utlandet, og har aldri før hatt så mange som i år. Dette er med på å gjere Volda til eit internasjonalt knytepunkt. Tek du ein tur rundt på campus, kan du ikkje la vere å leggje merke til "Pangaia", den internasjonale møteplassen.
Gi litt av deg sjølv - få masse tilbake!Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på same tid. Gir du litt av deg sjølv i Volda, får du garantert masse tilbake! Har du delteke på studentVEKA, Animasjonsfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert skulderveska full av nye vener og viktige kontaktar for framtida. Dei varierte sosiale erfaringane, saman med ein solid og yrkesretta fagleg ballast, gjer deg til ein ettertrakta arbeidstakar når du etter kvart reiser vidare i livet.
Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Skuleretta samfunnsfag - Årsstudium: