Religionsvitskap
Milliardar av menneske identifiserer seg med ein religion. Dei religiøse handlingane, verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av kulturar. Religionar er innvovne i kunst og politikk, arbeid og krigføring, økonomi og lovgiving, etikk og underhaldning.
Gjennom dette studiet ser vi på religionar som menneskelege fenomen. Vi studerer dei både historisk og i notida. Tilnærminga er sekulær eller religiøst nøytral.
- Korleis kan vi avgjere kva som er «religion»?
- Kvifor er somme kristne opptatt av misjon?
- Kven bestemmer kva som er lov i islam?
- Kva er opphavet til yoga og mindfulness?
Studiet passar for deg som har evne til kritisk analyse og sjølvstendig tenking, og er glad i å skrive og argumentere med utgangspunkt i ulike kjelder. Du er interessert i fag som religion og etikk, historie, samfunnsfag og geografi, språk, kunst og musikk.
Kommende startdatoer
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...